søndag 26. august 2007

1 øl til gode

Eg steppa inn på Patton lag med Oddmund i første kampen i Lillehammer.

På det 3. av spela sat eg sør, handa mi såg omtrent slik ut:

K10

Ax

AKJ987

xxx

Eg åpna i 1 ruter (minst 4), makker melde 1 hjerter, 2 ruter frå meg, og makker hoppa til 3 hjerter, med sin 6-kortsfarge med KD på topp, AJx i spar og dobbel ruter.

Eg vurderer 4 hjerter, men landar på 3 nt, med litt vondt i magen. (i vanleg lagspeling hadde eg meldt hjerter) Liten spar ut til handa, hjerteren går, eg sakar 3 kløver og ruter 8, ruteren går, og eg tek det 13.stikket på ruter 7. Eg veit ikkje då at på det andre bordet er dei i 4 hjerter med kløver ut, men adrenalinet fossar i årane mens eg legg øl-kortet i bordet.

Då kjem det over høgtalarane:

”På grunn av mykje feildublettar og andre feil, vert første runde annulert i Patton lag…. ”

Og frå makker: ”Då er ruter-sju-claimet også annulert!”

-Eg har vel enno ikkje fått den ølen…..

1 kommentar:

Oddmund sa...

Vyrde redaktør

Etter å ha konsultert mine inste kjensler samt saumfart tilgjengelege arkiv for tilsvarande vunne stikk på ruter 7, er eg komen til at di godt planlagde speleføring skal honnorerast med eit eksemplar av av den flytande væske slike stikk skal honorerast med.

Vyrdsamt
Audmjuk makker